Kvart år deltek elevar frå Volda vidaregåande skule i ulike kunnskapstevlingar på nasjonalt nivå. Elevar som utmerkar seg i slike tevlingar og får skulen si beste plassering, mottek diplom og pengegåve på kr. 2000.
Døme på slike tevlingar kan vere Abelkonkurransen (matematikk), Fysikkolympiade (fysikk), Min familie i historien ("Historisk person"-prosjektet) og Fridthiov Oos' legat (norsk stil).
Rektor ved Volda vgs, Trond Hjelseth, har administrativ fullmakt til å gje slik påskjønning dersom elevar deltek også i andre liknande nasjonale tevlingar.
Det blir ført protokoll over alle elevane som får ei slik utmerking, og tildelingane skal annonserast for heile skulen. Dersom elevane som mottek påskjønninga samtykkjer til det, kan dette også annonserat utanfor skulesamfunnet.