Elevrådet er elevane sitt høgaste organ på skulen. Tillitselev og varaelev blir valt for eit år av gongen, og har som oppgave å representere klassa si ved elevrådsmøta. Elevrådet drøftar og gir tilråding i saker som elevar og rektor gir dei. Elevrådet kan sjølv ta opp og legge fram for rektor saker som dei meiner er av interesse for elevane.
I elevrådet blir det òg valt eit styre. Dette styret står i spissen for elevrådet og har ansvar for å halde møte og informere elevar og leiinga om sakene deira. Dei pliktar seg òg til å stille opp på møte med leiinga nokre gongar i året. Å sitje i elevrådsstyret er litt meir arbeid, men det gir ei veldig god erfaring.
Elevrådsstyret skuleåret 2026 - 2027
| FUNKSJON | NAMN | KLASSE |
| Leiar | Ola Kristoffer Vada Blom | 3ST2 |
| Nestleiar | | |
| Sekretær | | |
| Styremedlem | | |
| Styremedlem | | |
| Styremedlem | | |
| Styremedlem | | |
| Styremedlem | | |
| Styremedlem | | |
Kontakte elevrådet
Har du saker til elevrådet?
Send e-post til elevrådet ved Volda Vgs.