Vi gler oss til å møte både nye og gamle elevar til første skuledag som er måndag 22. august 2022! NB! Det vert full skuledag frå klokka 08.05 til 15.05
De skal då møte til desse tidspunkta:
Vg1 - Møter klokka 08.05 i Festsalen
Vg2 - Møter klokka 08.05 på klasseromet sitt
2ST1 - K205
2ST2 - K206
2ST3 - K207
2KDA - K114
2MK1 - R8
2MU1 - R5
Vg3 - Møter klokka 08.05 på klasseromet sitt
3ST1 - K304
3ST2 - K305
3ST3 - K306
3ST4 - K307
3KDA - K115
3MK1 - R1
3MU1 - R4
Påbyggingsklassene møter klokka 09.00 i Festsalen
Elevar som takkar ja til skuleplass på Vg1 ved Volda vidaregåande skule vil få ein sms frå og med 5. juli om å logge seg inn på skolestart.mrfylke.no. Der skal ein gjere nokre val. Det er viktig at de gjer desse vala så raskt som mogleg. Då er det størst sjanse for at du får det du ønsker deg. Siste frist er 31. juli.
Elevar som har hatt framandspråk på ungdomsskulen kan velje å halde fram med det same framandspråket på nivå II, eller velje eit nytt framandspråk på nivå I. Elevar som IKKJE har hatt framandspråk på ungdomsskulen kan berre velje Tysk nivå I. Desse elevane har førsteprioritet på faget Tysk I.
Valet du gjer på skolestart.mrfylke.no er å sjå som mellombels. Endeleg matematikkval og inndeling i 1T og 1P grupper skjer etter at skulen har starta.
For elevar som skal gå Studiespesialisering (som har fleire parallellar), så er det mogleg å kome med ønske om inntil to personar ein vil gå i klasse med. Ønska legg de under «Merknad» i bestillingsskjemaet. Vi kan ikkje gi nokon garanti for at vi kan oppfylle ønska, men skal prøve så langt det er mogleg å innfri eitt av dei.
Her kan du leser meir om SkulePC-ordninga til Møre og Romsdal fylkeskommune.
Frist for val av SkulePC er 1. september.
NB! Elevar som skal gå Medium og kommunikasjon (ME) og Kunst, design og arkitektur (KD) bør velje ei kraftigare maskin for å kunne køyre programvaren dei nyttar på desse studieretningane. Sjå anbefaling til datamaskin lenger nede.
Det har vore eit sterkt ønske frå elevar og føresette at skulen skal tilby eit idrettsfag etter at vi dessverre måtte avslutte faget Toppidrett. Vi har også no fått dei beste føresetnadane for å kunne tilby dette med den nye hallen i bygda, Volda Campus Sparebank1 Arena. Vi ønsker difor å tilby faget Breiddeidrett for elevar på Vg1 Studiespesialisering.
Elevar som vel dette faget på Vg1 vil då få fem (5) timar i veka i tillegg til dei ordinære obligatoriske timane. Dette gjer at ein på Vg3 får eit valfritt programfag mindre, som då gjev fem (5) færre timar i veka.
Om du skal gå ST og ønsker å ha breiddeidrett på Vg1 så må du legge inn det under "Merknad" i bestillingsskjemaet.
Andre val som de skal ta er målform og samtykke til fotografering og filming. Bur du på hybel så skriv du inn hybeladressa di. Om du ikkje veit kvar du skal bu på hybel så kan du skrive inn adressa på eit seinare tidspunkt.
Vi tek atterhald om at datoane kan bli endra.
Dato | Frist |
---|---|
1. februar, kl 23:59 | Søknadsfrist for:
|
1. mars, kl 23:59 | Søknadsfrist for:
|
April | Svar: • til dei som har fått søknaden sin behandla med fortrinnsrett eller individuell vurdering i tidleg inntak |
15. juni | Frist for: |
23. juni | Frist for: • Fylkeskommunen må ha motteke ettersendte vitnemål innan 23. juni for at dei skal vere registrert før 1. gongs inntak |
ca. 5. juli | Svar på 1. gongs inntak |
15. juli | Svarfrist 1. gongs inntak |
ca. 4. august | Svar på 2. gongs inntak |
9. august | Svarfrist 2. gongs inntak |
22. august | Skulestart |
Dersom du har spørsmål om inntaket så er det inntakskontoret på utdanningsavdelinga som kan svare på det. Du kan ringe dei på 71 28 01 50 eller sende ein epost på inntak@mrfylke.no.
Lokal venteliste er for deg som ikkje har søkt via Vigo eller skal gjere omval. Om du skal gjere omval er det viktig at du ikkje seier frå deg skuleplassen du har fått. Då kan du risikere å stå heilt utan tilbod.
Etter 2. gongs inntak (tidlegast 10. august) vert det opna for at skulen kan ta inn elevar frå venteliste. Først vert elevar frå den ordinære ventelista tekne inn. Om det er ledige plassar etter det, så vert elevar frå lokal venteliste tekne inn.
Søkarane vert prioritert på denne måten:
For å stå på lokal venteliste så må du sende ein e-post til volda.vgs@mrfylke.no med denne informasjonen:
Vi må ha denne informasjonen skriftleg, så det hjelp ikkje å ringe til skulen. Den lokale ventelista vert behandla etter "først til mølla" prinsippet. Dvs. at de vert sett opp i den rekkefølgja vi får inn søknadane. Vi tek kontakt med deg på telefon når vi er komne til din plass på lista. Det er difor viktig at de er tilgjengelege på telefon og svarer når vi ringer. Våre nummer startar på 71 28 23 xx.
Når vi får søkarar frå andre fylke må vi ha godkjenning frå heimfylket om at søkaren har rett til skuleplass og at fylket refunderer skuleplassen. Det er eigne rutinar på dette.
Elevar som skal ta til på Vg3 påbygging skal velje eit programfag. Klikk her for å gå til skjema for å gjere valet.
Frist for val av programfag for PB er 31. juli. Dei som vert tekne inn som elevar etter denne datoen må ordne det så snart som råd.
Medium og kommunikasjon og Kunst, design og arkitektur nyttar Adobe Creative Cloud som er ei samling med over 20 program. Desse programma nyttast til bildebehandling, videoredigering, m.m. Dette krev ei noko kraftigare maskin enn den som vert levert ut gjennom fylkeskommunen. Vi tilrår på det sterkaste at elevar som skal gå ME og KD kjøper ei maskin etter spesifikasjonane under.
Utstyr | Anbefalt eller minimumskrav |
---|---|
Prosessor | Intel®- eller AMD-prosessor med 64-biters støtte, |
Operativsystem | Windows 10 (64-biters) versjon 1809 eller nyare. MacOS Mojave (versjon 10.14) eller nyare. |
RAM | Minimum 8 GB Anbefalt 16 GB eller 32 GB |
Skjermkort | GPU med DirectX 12-støtte på Windows. GPU med Metal-støtte på macOS Minimum 2GB med GPU-minne |
Skjermoppløysing | Skjerm med oppløysing på minst 1920 x 1080 punkt ved 100% skalering |
Harddisk | Minimum 256 GB SSD HD |
Alle som går på vidaregåande skule, kan få stipend frå Lånekassen.
Dei fleste får berre utstyrsstipend, men nokre får også bortebuarstipend og inntektsavhengig stipend.
Stipend er ikkje det same som studielån, som studentar i høgare utdanning får. Stipend er pengar du får og ikkje må betale tilbake.
Unntaket er dersom du får utbetalt meir stipend enn du har rett til. Då må du betale tilbake det du har fått for mykje. Det kan for eksempel skje dersom du sluttar midt i skoleåret.
Utstyrsstipendet skal bidra til å dekke det du treng av utstyr på den linja du tar, som for eksempel PC eller kokkeklede. Kor mykje du får, er avhengig av kva linje du tar. Alle har krav på stipendet, men du må hugse å søke.
Det finst også stipend for deg som ikkje kan bu heime, har lang reiseveg til skulen eller kjem frå ein familie med låg inntekt. Du må oppfylle visse vilkår for å få slike stipend.
Dei som ikkje har skuleplass, må vente med å søke til dei har fått stadfesta opptak.
På nettsidene til Lånekassen kan elevane sjølv sjekke kor mykje pengar dei kan få frå Lånekassen neste studieår.
Elevar som tek vidaregåande opplæring med ungdomsrett, kan sjekke kor mykje dei kan få i lån og stipend her
Elevar som tek vidaregåande opplæring utan ungdomsrett, kan sjekke kor mykje dei kan få i lån og stipend her
Dei fleste som tek vanleg vidaregåande skule etter ungdomsskulen, har ungdomsrett.
Du må ha ein skuleplass før du søker. Det er same fristar for alle stipenda:
Har du spørsmål om informasjonen på denne sida så kan du ta kontakt med skulen via e-post eller telefon.
E-post: volda.vgs@mrfylke.no
Telefon: 71 28 23 00
Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.
Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.
Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:
Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.
Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.
Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.
Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.
Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.