Informasjon til føresette 30 oktober 2020

Som de truleg har lese i media så er det auka smitte i kommunene på Søre Sunnmøre, og vi utvidar / skjerpar tiltaka og førebur oss på at innslaget av fjernundervising vil kunne auke.

Skriv ut

Vi la med bakgrunn i dette ut følgjande melding til elevane våre i dag tidleg:
Med bakgrunn i den situasjonen vi ser med aukande smitte, så er det greitt å førebu seg på at det kan bli aktuelt med fjernundervising/heimeundervising.  Dette gjeld både om du, gruppa di/klassen din vert sett i karantene – eller om større delar av skulen må over til fjernundervising/heimeundervising.  Fjernundervising vil også vere aktuelt dersom du sjølv vert sjuk, men er frisk nok til å følgje undervisinga digitalt.

Du tek då med dei læremidla du skal bruke på skulen etter behov, heimanfrå.

Dersom du treng bereposar til å få med deg alt heim, så får du slike i resepsjonen på øvre bygg.

Vi vurderte det slik at meldinga best burde kome tidleg på dag, medan elevane var på skulen og dei kunne tryggjast av vårt personale, dersom dei hadde spørsmål eller vert uroa over denne meldinga.  Når de som føresette i tillegg no får denne informasjonen, så er de kjend med tiltaket,  og kan ta over den rolla etter skuletid.  Dette er eit praktisk tiltak, men som kanskje skaper uro for enkelte.  

 

Situasjonen på skulen

Hittil har skulen gjennomført alle ordinære aktivitetar for klasser og grupper, med dei smitteverntiltaka som beredskapsplanen føreskriv. 

Som opplyst i media og på vår heimesida, så hadde vi ein situasjon der ei 3. klasse (musikk) vart sett i karantene nokre få timar, før kommunelækjaren fekk konferert med Folkehelseinstituttet, og karantenen vart oppheva.  Den aktuelle klassa gjennomførte denne dagen «Utdanningsdagane» heimanfrå, så dette gjekk ikkje ut over undervisinga.

Ved eitt anna tilfelle gjennomførte ei klasse heimeundervising ein dag, som eit føre var-tiltak, utan at dette var pålagt av kommunelækjaren.

Vi har etter kvart som smittepresset har auka i regionen, gjennomført ytterlegare tiltak for å førebyggje smitte, både gjennom intern informasjon (ny gjennomgang av beredskapsplan og tiltak for elevane, oppslag, mv) og praktiske tiltak (reduksjon i tal sitjeplassar i kantine og vrimleareal, soneinndeling/køsystem i kantine, mv.).

Vi legg no ut ei ny påminning om både stort og smått til elevane, og oppfordrar dei til å etterleve reglane.  I tillegg vil vi intensivere patruljering i fellesareal frå neste veke.

Vi treng føresette si hjelp og støtte i det å oppfordre til at elevane følgjer retningslinene!  Sjå gjennom dei aktuelle tiltaka  SMITTEVERN VED VOLDA VIDAREGÅANDE SKULE og snakk med ungdomen om dette.  I tillegg er det særs viktig at de tek praten om fritidsaktivitetane / korleis borna dykkar handterer det auka smittepresset på fritida si, jamfør dei nasjonale retningslinjene.

På heimesida finn de framleis beredskapsplanen vår.  Vi er framleis på det styresmaktene kategoriserer som gult nivå, og arbeider ut frå dette.

Om det er spørsmål eller innspel til informasjonen og tiltaka, så ta kontakt med rektor (trond.hjelseth@mrfylke.no / 90 70 71 46) eller ass. rektor (jan.terje.eidset@mrfylke.no / 47 85 62 79).

Vi oppdaterer, som opplyst i tidlegare informasjonsmateriell til føresette, også via skulen si heimeside (volda.vgs.no).

Information on corona in other languages:

https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/infomateriell/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/?term=&h=1

https://www.helsenorge.no/en/coronavirus/information-in-other-languages/

Beste helsing
Skuleleiinga ved Volda vidaregåande skule
volda.vgs.no

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.