Hospitering 2025

Velkomen til hospitering hjå oss 10. - 12.november. Her får du som 10.klassing høve til å oppleve kvardagen som elev hos oss – teste ut ulike utdanningsprogram, møte engasjerte lærarar og få ein smakebit på det faglege og sosiale miljøet. Vi gler oss til å ta imot deg!

Praktisk informasjon

Alle møter i Festsalen i hovudbygget kl. 09.00 til felles orientering. Deretter går de vidare til dei utvalde utdanningsprogramma, for å få med deg smakebitar av det Volda vidaregåande skule har å tilby.

Vi serverer enkel lunsj, porsjonspizza. Ta med ekstra matpakke om du har behov for meir. Programmet er slutt kl. 14.00.

 

 

 

Studiespesialisering: Dagen startar i festsalen. Her får elevane høyre om struktur, oppbygging og innhald på studiespesialisering. Deretter blir de delt i grupper, og skal besøke ulike klasser og programfag på ST. De får utdelt ein timeplan med ein variert pakke med fag som ein vil møte på dette utdanningsprogrammet. Onsdag: Ta med gymtøy

Medium og kommunikasjon: Etter fellesorienteringa i festsalen, blir de henta av ein lærar som viser vegen ned til nedre bygg, der MK held til. Der vil de få litt informasjon om utdanningsprogrammet, før de blir delt i grupper. Saman med elevar frå 2MK og 3MK skal de gjennomføre ein medieproduksjon frå idé til ferdig produkt, der de får teste både utstyr og programvare. Dagen blir avslutta i festsalen med fellesvisning av produkta som er laga.  

Musikk, dans og drama: Etter fellesorienteringa i festsalen blir de henta og vist vegen ned til nedre bygg, der MU held til. Der får de orientering om musikklinja og programmet for dagen. Vidare blir de delt i grupper, og får høve til å prøve ut fag og aktivitetar som er sentrale på musikklinja, som vokalensemble, samspel, musikkfordjuping, kor og musikal. 

Kunst, design og arkitektur: Etter fellesorientering i festsalen får de omvisning og informasjon om programmet for dagen. De får arbeide både i grupper og individuelt, under rettleiing av lærarar og elevar frå 2KDA. Her får de prøve ut ulike praktiske fagområde frå KDA, som konstruksjon, måling og teikneteknikkar.