Stad: Festsalen, Volda vidaregåande skule
Dato: Onsdag 15.april
Tid: Kl. 18.00-19.30
Kvifor inviterer vi?
Volda vidaregåande skule har eit fast opplegg for alle elevar med informasjon om viktige emne som gjeld ungdomstida. Dette omfattar mellom anna:
- Nettvett
- Rusmidlar
- Seksualitet og grensesetjing
- Skulereglar
- Lov og orden i samband med avgangsfeiring/ russefeiring
Informasjonen blir tilpassa alder og gjennomført trinnvis i fellesarrangement for kvart klassesteg. Vi meiner at samarbeidet mellom skule og heim blir styrkt når foreldre kjenner til det vi formidlar til elevane. Det kan òg gjere det enklare å snakke om desse emna heime rundt middagsbordet.
Kva får de høyre om på møtet?
- Aktuelle trendar på Søre Sunnmøre knytt til ungdomsmiljø, rus og nettvett
- Korleis skulen jobbar med dei nemnde emna
- Korleis avgangsfeiring og russefeiring blir lagt opp ved Volda vgs
- Innspel frå våre viktigaste samarbeidspartnarar
Bidragsytarar
Til møtet har vi med oss gode samarbeidspartar frå lokalsamfunnet.
- Politiet, ved overbetjent Håvard Riise Kristiansen
- Volda kommune, ved sosionom Geir Sæther, Rus- og psykisk helseteneste
- Skulen, ved rektor Trond Hjelseth
- Leiar for russestyret, som orienterer om årets plan for avgangs- og russefeiring
Vi håpar å sjå dykk til eit nyttig og viktig informasjonsmøte. Velkomen skal de vere!
Geir Sæther er tilknytta Rus- og psykisk helsetenste.
Trond Hjelseth