Klagerett foreldre

Elevar og foreldre til elevar under 18 år har rett til å klage på standpunktkarakter i fag.

Elevar og foreldre til elevar under 18 år har rett til å klage på standpunktkarakter i fag, jf. opplæringsforskrifta § 10-4, og privatskoleforskrifta § 7-4, dersom dei meiner at gjeldande reglar for fastsetting av standpunktkarakter, jf. opplæringsforskrifta § 9-16 og privatskoleforskrifta § 6-16, ikkje er følgt. Skolen må gi elevar og foreldre informasjon om klageretten.

Elevane får eige klageskriv om sine rettar til å klage og må signere på motteke brev. Dei som ikkje får brevet på skulen får dette tilsendt via SvarUt, som enten sender det via digital postkasse eller som brev på heimeadresse.

Foreldre får SMS med skulen med henvising til volda.vgs.no for å lese denne artikkelen.

Om de ønskjer å klage så nyttar de skjema som de finn ved å klikke på knappen under. De finn også meir informasjon om kva som kan klagast på når de klikkar på dei forskjellige vala.

Klageskjema