Tid: Tysdag 6.januar kl. 18.30
Stad: Volda vidaregåande skule, hovudbygget
Søknadsfristen for vidaregåande opplæring nærmar seg, og 1. mars skal 10. klassingane ha bestemt seg for kva dei ønskjer å søkje seg inn på. Ved Volda vidaregåande skule kan ein velgje mellom desse utdanningsprogramma:
- Studiespesialisering
- Kunst, design og arkitektur
- Medium og kommunikasjon
- Musikk, dans og drama
Alle våre utdanningsprogram gir studiekompetanse, som vil seie at du blir kvalifisert til inntak ved universitet og høgskular. Nokre høgare utdanningar har krav om særskilde fagkombinasjonar. Dette vil vi orientere nærare om.
Møtet startar med ei felles orientering i Festsalen. Etterpå vert det lagt opp til å gå rundt på stasjonar der det er høve til å snakke med ressurspersonar og/ eller elevrepresentantar frå dei ulike utdanningsprogramma. Rådgjevarane vert også til stades for å kunne svare på spørsmål.
Alle aktivitetar denne kvelden vert på hovudbygget (Vevendelvegen 35). Besøkjande kan parkere på skuleplassen eller på Steinrøysa (idrettsplassen med innkøyring frå Engesetvegen).
Om du ønskjer vite meir om skulen og tilbodet vårt før møtet, finn du meir informasjon her på heimesida vår. Vi har også kontoar på Facebook og Instagram (Volda vidaregåande skule), der vi deler smått og stort frå skulekvardagen. Følg oss gjerne der!
Vel møtt til møte tysdag 6.januar kl. 18.30!
Du kan lese om utdanningstilboda våre her