Videoovervaking i Volda Campus Sparebank1 Arena

For å sikre tryggleiken i idrettshallen og ta vare på anlegget, er det no innført videoovervaking i Volda Campus Sparebank1 Arena. Bakgrunnen for tiltaket er fleire tilfelle av hærverk i hallen, også i skuletida. 

Volda Campus Sparebank1 Arena

Tiltaket er innført etter dialog med Volda kommune. Kamera med opptak vil vere aktivt heile døgnet, med automatisk sletting av opptaka etter 7 dagar. Formålet med videoovervakinga er å førebyggje skadeverk og kunne dokumentere hendingar dersom noko skjer, noko som vil bidra til å auke tryggleiken for alle som brukar hallen. 

Personvern og omsyn

Volda Campus Arena er klar over at ei slik videoovervaking kan opplevast som inngripande, særleg for føresette. Det er difor gjort ei grundig vurdering før tiltaket vart sett i verk, og overvakinga er sett på som naudsynt ut frå situajsonen. Ein har i det siste opplevd skadeverk som har ført til betydlege kostnader, noko som understrekar behovet for førebyggjande tiltak. 

Vi oppmodar alle brukarane om å vise omsyn og bidra til å ta vare på hallen, slik at han kan vere ein trygg og god arena for alle.