Som elev skal du bruke desse systema:
- Visma InSchool: Her finn du timeplan, fråværsoversikt og vurderingar i faga.
- Microsoft 365: Inkluderer program som Word, Powerpoint, Excel, OneDrive og Teams.
- Microsoft Teams blir nytta som læringsplattform. Her får du oversikt over mykje av skulearbeidet ditt, som t.d. lekser, innleveringar og andre oppgåver. Du kan kommunisere med andre elevar og lærarar, og få viktige beskjedar frå lærarane og skulen
For å få tilgang til dette, treng du ein brukarkonto med tilhøyrande FEIDE-innlogging. Denne aktiverer du med mobil. Når brukarkontoen er klar, kan du gå vidare i klargjeringsprosessen. Alle nye elevar får eiga innføring frå IKT-avdelinga. Presentasjon frå denne gjennomgangen finn du her:
Presentasjon IKT-introduksjon til nye elevar 2026.pdf (PDF, 567 kB)
Steg-for-steg-oppskrifter for korleis du kjem i gang (med QR-lenkjer til videoar):
IKT-introduksjon 26.pdf (PDF, 507 kB)
IKT-introduction 26 english.pdf (PDF, 507 kB)