Organisering

Elevane ved Volda vidaregåande skule skal ha oversikt over skulen si organisering og korleis ansvar, oppgåver og mynde for arbeidet med helse, miljø og sikkerheit er organisert.

Elevane skal vite kven dei skal vende seg til når dei har ei HMT-sak.

ELEVOMBOD

Dei fire elevrepresentanane i skulemiljøutvalet er også elevombod for skulen. 

Elevomboda skal sjå til at skulen legg til rette for eit godt fysisk og psykososialt miljø for elevane. Ta kontakt med ein av dei om du meiner det er saker dei bør ta opp med skuleleiinga.

Oppdatert liste med elevomboda finn de her.

 

Skuleleiinga sitt ansvar

Rektor

Rektor har ansvar for å drive eit kontinuerleg arbeid for å sikre at skolemiljøet fremjar elevane si helse og sikkerheit.

Rektor skal:

  • Leie HMS-arbeidet ved skolen på lik linje med drifta elles
  • Definere HMS-mål for skolen med utgangspunkt i dei sentrale måla
  • Sørge for at mål for HMS blir ivareteke under planlegging og utføring av arbeidsoppgåver
  • Vere pådrivar i forhold til skolemiljøet til elevane
  • Sørge for at representantane til elevane blir kalla inn til møter i dei ulike utvala
  • Vurdere å involvere for eksempel PPT i arbeidet med kompetanseheving av personalet ved skolen i det førebyggjande arbeidet med skolemiljø

Avdelingsleiar

Avdelingsleiar skal:

  • Vere ansvarleg for sikkerheita til den enkelte elev, dei materielle verdiane han/ho forvaltar, og beskytte det indre og ytre miljøet i lov, forskrift og HMS-systemet innan eiga eining
  • Sette lokale mål, handlingsplanar og tiltak for eiga eining
  • Søke råd hos elevtillitsvalgte der det er nødvendig
  • Kalle inn elevtillitsvagde (avhengig av lokal organisering) til årlege HMS-rundar

Nøkkelpersonar ved skulen

FunksjonNavnTelefonnr
RektorTrond Hjelseth71 28 23 06
HMS-koordinatorOlav Trandal71 28 23 04
HovudverneombodJorid Vårdal71 28 23 58
VaraverneombudHeidi Holen71 28 23 10
Akan-kontaktOlav Trandal71 28 23 04
BHT-kontaktOlav Trandal71 28 23 04
Medlemmer i AMU

Trond Hjelseth

Kristin Bakke Sæterås

Olav Trandal

Jorid Vårdal

Ragnhild Oterholm

Heidi Holen

71 28 23 06

71 28 23 08

71 28 23 04

71 28 23 58

71 28 23 36

71 28 23 10

BrannvernleiarOlav Trandal 71 28 23 04
Miljøfyrtårn ansvarlegTove Nilsen Løset71 28 22 95
Miljøfyrtårn styringsgruppeArbeidsmiljøutvalet 
Miljøfyrtårn arbeidsgruppeSkulemiljøutvalet 

Kontaktlæraren sitt ansvar

Kontaktlærar skal:

  • syte for at det vert valt elevrådsrepresentantar/tillitselevar i klassene
  • gi elevane i klassa opplæring i bruk av HMS-handbok for elevar
  • gi elevane opplæring og drive førebyggjande arbeid i forhold til psykososialt læringsmiljø, mobbing, rasisme og diskriminering
  • gjennomføre VIP-prosjektet i Vg1-klassene
  • gjennomføre minst to utviklingssamtalar med enkeltelevar i løpet av skuleåret
  • følgje opp eventuelle munnlege klager eller avviksmeldingar frå elevar i forhold til helse, miljø og sikkerheit

Faglærar og andre tilsette sitt ansvar

Faglærar og andre tilsette skal:

  • delta i planlegginga, i den daglege drifta og i kartlegginga med å finne gode løysingar for arbeidsmiljøet og eleven sitt læringsmiljø
  • vise ansvar for eigen og andre si sikkerheit
  • arbeide aktivt for å redusere faren for og effekten av uheldige miljøpåverknader
  • rette seg etter rutiner, prosedyrer og instruksar for aktuelle arbeidsoperasjonar
  • vere merksame overfor kvarandre og bidra til fellesskap, trivsel og omsorg på arbeidsplassen
  • bidra til at elevar skal ha eit godt læringsmiljø på skulen
  • bidra til fellesskap, trivsel og omsorg på arbeidsplassen
  • bidra til at elevane skal ha eit trygt og godt skolemiljø
  • følge opp eventuelle klager på skolemiljøet
  • gjere ei risikovurdering av arbeidsoppgåvene til elevane
  • bidra til at det blir utarbeidd HMS-retningslinjer dersom dette er nødvendig
  • bidra til at eleven får særskilt HMS-opplæring dersom dei skal utføre farleg arbeid
  • følgje opp eventuelle klager på mobbing, diskriminering eller rasisme mellom elevane

Rådgjevar sine oppgåver og ansvar

Rådgjevar skal:

  • drive sosialpedagogisk rådgjeving for skulen sine elevar
  • følgje opp fråvær etter avtale med kontaktlærar eller leiinga
  • formidle kontakt til eksternt hjelpeapparatat
  • hjelpe elevane til å ivareta rettane deira i forhold til lover og regelverk
  • delta i VIP-prosjektet
  • delta i ressursteamet på skulen
  • yte karriererettleiing til tilsøkjande og eigne elevar

Helsesjukepleiar og ungdomsrettleiar sine oppgåver og ansvar

Helsesjukepleiar og ungdomsrettleiar skal:

  • kalle inn alle elevar på Vg1 til samtale
  • vere samtalepartnar for elevar i t.d. helsespørsmål
  • delta i VIP-prosjektet

PPT sine oppgåver og ansvar

PPT skal:

  • vere samtalepartnar for elevar med t.d. fagvanskar eller sosiale vanskar
  • gjere ulike utgreiingar og kartleggingar
  • formidle kontakt til eksternt hjelpeapparat
  • følgje opp tilrettelegging av spesialundervisning
  • delta i ressursteamet på skulen

OT (Oppfølgingstenesta) sine oppgåver

OT skal:

  • ta kontakt med ungdom som ikkje er i vidaregåande opplæring, eller som sluttar/vil slutte i vidaregåande skule
  • tilby rettleiing
  • hjelpe ungdom i målgruppa slik at dei får tilbod om opplæring, arbeid eller anna sysselsetting
  • samarbeide med andre i skulesamfunnet for å hindre fråfall frå vidaregåande opplæring

Elevane sitt ansvar

Alle elevane i dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal skal:

  • ha oversikt over organiseringa ved sin skole
  • vite korleis ansvar, oppgåver og myndigheit for arbeidet med helse, miljø og sikkerheit er fordelt.
  • vite kven dei skal ta kontakt med når dei har ei HMS-sak.
  • vere med på å finne gode løysingar for å utvikle eit godt læringsmiljø
  • rette seg etter dei rutinar eller prosedyrar som er laga for særskilte arbeidsoperasjonar eller bruk av lokale
  • delta aktivt og støtte opp om skolen sitt HMS-arbeid og medverke til dei tiltaka som blir satt i gang
  • bidra til fellesskap, trivsel og omsorg i basisgruppa, avdelinga eller på skolen
  • ta opp eventuelle problem i skolekvardagen som ein ikkje klarer å løyse sjølv med kontaktlærar, elevverneombod eller rektor (NB! Sjå eiga varsling i skjerpa aktivitetsplikt)
  • varsle kontaktlærar, avdelingsleiar, faglærar, andre tilsette, eller gjennom varselknappen mot mobbing, dersom ein ser at elev(ar) blir utsett for krenkingar, mobbing, diskriminering osv.

Elevtillitsvalde

Oppgåvene til elevtillitsvalde

  • Elevtillitsvalde representerer elevane i si klasse i saker som omhandlar lærings- og arbeidsmiljøet til elevane.
  • Elevrådsrepresentantane skal: melde frå om avvik til elevrepresentantane i skolemiljøutvalet.
  • Sjå gode råd på elevråd.no

Fysisk miljø

Elevtillitsvalde skal særleg sjå til at det fysiske miljøet som lokale, utstyr og materiell ikkje utset elevane for helsefare:

  • Inneklima, dvs. luftkvalitet m.m. i klasserom eller på arbeidsplassen
  • Støy som sjenerer undervisning eller er skadeleg
  • Lys i klasserom eller på arbeidsplassen
  • Temperatur i klasserom eller på arbeidsplassen
  • Sikkerheit og ergonomi ved forsøk eller under praktisk arbeid

Psykososialt miljø

Elevtillitsvalte skal ivareta interessene til elevane i saker som handlar om lærings- og arbeidsmiljøet i klassen eller på skolen:

  • Samarbeid mellom elevar
  • Samarbeid mellom elevar, lærarar, leiarar og andre tilsette på skolen
  • Trivsel eller eventuell mistrivsel
  • Mobbing, diskriminering og rasisme
  • Rusmiddelbruk
  • Andre psykososiale forhold

Andre oppgåver

  • Bidra til at elevane får nødvendige opplæring og instruksjon for å kunne utføre risikofylte lærings- og arbeidsoperasjonar
  • Hjelpe medelevar, kontaktlærar, faglærar, avdelingsleiarar og andre arbeidstakarar på skolen i arbeidet deira for å skape og sikre alle eit godt og trygt skolemiljø
  • Bidra til å ivareta interessene til elevane i saker som handlar om lærings- og arbeidsmiljøet på seksjonen eller på skolen

Aktuelle nettsider:

Elevråd

Så snart som råd er etter skulestart om hausten skal det veljast tillitsvald med vara i kvar klasse. Tillitselev, evt varatillitselev har møteplikt i skulens elevråd. 

Dei tillitsvalde frå klassene utgjer elevrådet ved skulen. Kvart år medio september vel elevrådet ny leiar og nytt elevrådstyre. Styret består av leiar, nestleiar, skrivar og styremedlemar med ulike ansvarsområde. Kokeboka, utgitt av elev- og lærlingombodet i Møre og Romsdal fylke, utgjer retningslinjene for vala til elevråd, styre og leiar, og for elevrådsarbeidet ved Volda vidaregåande skule.

Elevrådet er elevane sitt høgste organ på skulen, og skal fungere som bindeledd mellom elevane og skulesamfunnet elles. Den formelle makta til elevane ligg i elevrådet, og alle tillitselevane frå klassene er medlemmar.

Elevrådsstyret

Oppdatert liste med medlemmer i elevrådstyret finn de her.

Skulemiljøutval (SMU)

Skulemiljøutvalet (SMU) er eit rådgjevande organ som skal ha spesielt fokus på Opplæringslova §9A om elevane sitt skulemiljø.
Elevane skal vere representert med fire representantar og minimum to vararepresentantar, slik at dei har fleirtal i utvalet.
Vala skal vere gjort innan haustferien kvart år.

Oppgåver til SMU:

  • Ved kvar vidaregåande skole skal det vere eit skolemiljøutval.
  • Elevane, dei tilsette, skoleleiinga og fylkeskommunen skal vere representerte.
  • Elevane skal vere i fleirtal og elevrådet bør handsame sakene om skolemiljø før dei blir handsama i SMU.
  • SMU skal medverke til at skolen, dei tilsette og elevane tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skolemiljø. Alle saker som er viktig for skolemiljøet skal takast opp her.
  • SMU skal særskilt arbeide med korleis skolen ivaretek elevar med særskilt sårbarheit og universell utforming (Sak: Z_OLD_UD-16/19)
  • SMU skal godkjenne årsrapporten til skolen før den blir sendt inn til kompetansesjefen.
  • SMU skal samarbeide med skolen og føresette i rusarbeidet (sjå Plan for rusarbeid i vidaregåande opplæring).
  • SMU skal orienterast om dei lokale retningslinjene knytt til aktivitetsplikt i HMS for elevar.

SKULEMILJØUTVALET 

Skulemiljøutvalet skal arbeide for å auke deltakinga frå elevane, skulen og dei tilsette i arbeidet med skulemiljøet. Elevane skal vere i fleirtal i utvalet. Utvalet skal gi råd til skulen i arbeidet med skulemiljøet, men har ikkje rett til å gjere bindande vedtak.

Oppdatert liste med medlemmer i skulemiljøutvalet finn de her.

Skuleutval

Skulemiljøutvalet (SMU) er eit rådgjevande organ for skulen i arbeidet med skulemiljøet (opplæringslova 9a), og har ikkje vedtaksrett.
Utvalet består av representantar for elevar og tilsette, og elevane skal vere i fleirtal. Dersom utvalet meiner at skolen bryt lova gjennom å ikkje følgje råda til utvalet, kan utvalet be om at det blir iverksett tiltak. Skulen skal då behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova, noko som inneber klagerett.

Skulemiljørepresentantane kan krevje å få delta i planlegging og gjennomføring av det systematiske arbeidet skulen driv for å kvalitetssikre skulemiljøet. Det er mellom anna naturleg at skulemiljøutvalet deltek i utarbeiding av strategiar mot mobbing og undervisnngsopplegg i forhold til den psykososiale kulturen og miljøet på skulen. Skulemiljøutvalet skal vere med på å prioritere oppgåver og forebyggingsarbeid. Saker om mobbing, diskriminering, vald, rasisme og utestenging må alltid prioriterast på topp.

  • Ved kvar vidaregåande skole skal det vere eit skoleutval.
  • Rektor, ein tilsett (2 år), 2 elevar(1 år), 1 føresett til elev på vg1-nivå (1 år) og 2 frå det lokale samfunns- og næringsliv (2 år). Alle skal ha varamedlemmer.
  • Skuleeigar ved kommunedirektøren godkjenner representantane frå samfunns- og næringsliv etter framlegg frå rektor (T-90/02).
  • Rektor har rett til å møte, tale og kome med framlegg.
  • Skoleutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolen.
  • Det skal vere minimum 3 møter i utvalet per år (T-90/02).
  • Dei som blir valt kan sjølv vere valte elevrådsrepresentantar, eller dei kan vere elevar som har særskilt interesse for å arbeide med skolemiljøet.
  • oppfølging av kvalitetsarbeidet evd skulen (prosess, innhald og resultat) gjennom til dømes brukarundersøkingar og kartlegging av arbeidsmiljøet
  • godkjenning av mål- og tiltaksplan og årsmelding
  • å ta initiativ til utviklingsarbeid
  • Dei elevtillitsvalde har uttalerett om:
  • mindre investeringar i tråd med fylkestinget sine vedtak om økonomiske rammer
  • disponering av driftsbudsjett
  • justering av skulen sin organisasjonsmodell
  • tilbodsstrukturen ved skulen – skulebruksplanen

MEDLEMMAR I SKULEUTVALET

Oppdatert liste med medlemmer av skuleutvalet finn de her.

 

Val av tillitsvalde

Det bør i størst mogleg grad vere gjennomgåande representasjon i skoleutval, tilsetjingsutval og arbeidsmiljøutval ved den einskilde skole. Møta i dei ulike utvala bør sjåast i samanheng der dette er mogleg. Dette skal likevel ikkje kome i vegen for god medverknad for elevane.
Sjå gode råd for val på elevråd.no.

Gjennomføring av møter

Det skal lagast møteinnkalling til utvala med ei saksliste i rimeleg tid før møtet og skrivast referat som blir gjort tilgjengeleg for medlemmene i etterkant av møta.
Sjå gode råd for gjennomføring av møter på elevråd.no

Teieplikt

Referat frå saker som medfører teieplikt, og som elevane ikkje er med på handsaminga av, skal sladdast før elevane får protokollen.

Kontakt

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.